Fra www.nrk/telemark
Journalist: Ragnar Lurås
SKIEN (NRK): Behandling av hjerneslag med ultralyd og bobler kan fjerne blodproppen raskare og pasienten kan bli fortare frisk.
ULTRALYD: Overlege Håkon Tobro ved Sjukehuset Telemark viser korleis det blir bruka ultralyd for å fjerne blodpropp i hjernen. Foto: Jørn Ertsås
Marit Bjerkelund er ein av pasientane som er med i forskingsprosjektet som blir leia av Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Ho er inne til kontroll seks månader etter at ho merka hjerneslaget heime på Ulefoss.
– Eg merka at eg blei så søvnig, men skjønte ikkje heilt kva det var.
Men etter kvart kjente ho symptoma på at det kunne vere eit hjerneslag. Ho ringde 113 sentralen, og blei køyrt i ambulanse til Sjukehuset Telemark.
Blei behandla med ultralyd
CT-bilete blei tatt etter tre minuttar og det blei konstatert blodpropp i hjernen. Dei første medisinane mot blodproppen blei gitt etter 17 minuttar.
Ultralydbilete viser at blodet no strøymer fritt til hjernen. Foto: Ragnar Lurås / NRK
Marit Bjerkelund blei også med i gruppa som blir behandla med såkalla sonotrombolyse etter 45 minuttar.
– Vi kan sjå det med ultralyd at blodstraumen kjem tilbake, og nokon gonger ser vi at funksjonar i kroppen kjem tilbake og blir normale, seier overlege Håkon Tobro.
Han fortel at fleire små tidlegare studiar tyder på at tre gonger så mange får oppløyst blodproppen i hjernen med sonotrombolyse og at dobbelt så mange klarer seg sjølv tre månader etter slaget.
Hjerneslag er ofte blodpropp
Professor Lars Thomassen er leiar for Nevrovaskulær Forskningsgruppe ved Nevrologisk avdeling, Haukeland Universitetssykehus.
– Hjerneslag er som oftast ein blodpropp i ei blodåre i hjernen og den må bort.
I dag så finst det ein metode med kjemisk fjerning av blodproppar, såkalla trombolyse.
Professor Lars Thomassen meiner ultralyd kan vere effektiv til å fjerne blodpropp i hjernen. Foto: Haukeland Universitetssykehus
– Det kan vere effektiv, men er ikkje alltid effektiv nok. Dei store sjukehusa kan fiske ut store blodproppar. Men det finst ein del andre pasientar som også skal ha behandling.
Forskingsprosjektet går ut på å bruke ultralyd i behandlinga saman med ei intravenøs væske som boblar når den blir treft av ultralyden.
– Ultralyd blir sendt gjennom skallen og hamrar laus på blodproppen og hjelper til med å løyse den opp saman med den kjemiske væska. Klarar vi å løyse opp proppen, så strøymer blodet fritt og hjernen kan overleve.
Tida er viktig ved hjerneslag
For å gi forskinga større tyngde er sjukehus i Sverige, Tsjekkia og etter kvart også Tyskland, innlemma i studien. Går alt etter planen skal studien gi sikker kunnskap om den nye metoden.
Marit Bjerkelund meiner ho kan fungere normalt etter hjerneslaget. Foto: Ragnar Lurås / NRK
– Metoden kan gje ei stor gruppe slagpasientar ei behandling som dei ikkje får i dag.
Thomassen meiner ultralyd kan vere eit behandlingstilbod for dei som bur for langt unna eit Universitetssjukehus til at dei kan få noko effektiv fisking av blodproppen.
Marit Bjerkelund fortel at ho i dag kan fungere normalt igjen etter hjerneslaget.
– Eg gjer normale ting. Eg spør dei rundt meg om dei har merka forskjell. Men dei seier eg er akkurat som før.